Med endringa gir Felleskjøpet avdelinga på Skei i Jølster fullt fokus som verkstad, delebutikk og utleveringsstad for både driftsmidlar og butikkvarer til bonden. Det vil og bli vurdert å utvide sortimentet i delebutikken til å omfatte dei viktigaste butikkvarene til bonden.
Dei tilsette ved Felleskjøpet på Skei fekk tysdag informasjon om at detaljhandelverksemda ved avdelinga blir lagt ned i si noverande form.
– Vi jobbar etter ein plan som skal sikre at vi utviklar verksemda i tråd med ei målsetjing om å vere representerte der det gir verdi for våre kundar, selskapet og våre eigarar. Butikken på Skei er blant dei minste i kjeda, og det er naudsynt med større oppgraderingar ved avdelinga framover. Samstundes vi ser eit klart behov for å prioritere investeringsmidlar til å sikre lønsemda, seier Gard Olstad, direktør for detaljhandel i Felleskjøpet Agri.
Råkar ikkje andre forretningsområde
Sidan mai har det vore ein prosess med drøftingar og involvering av alle divisjonar i selskapet, inkludert lokale tillitsvalde.
– Vi har gjort naudsynte vurderingar, og konkludert med at vi avviklar verksemda med detaljhandel på Skei, seier Olstad.
Han understrekar at dei andre forretningsområda til Felleskjøpet på Skei ikkje blir råka. Verkstaden og anna drift på avdelinga blir ført vidare som i dag.
Felleskjøpet på Skei har til saman 19 tilsette. I butikken er det dryge to årsverk som blir direkte påverka av nedlegginga. Desse blir ivaretekne på best moglege måte.
Framleis knutepunkt
I sommar vil butikken på Skei ha redusert opningstid på kvardagar, og den vil halde stengt på laurdagar. Etter planen blir butikken lagt ned 30. november 2023.
Verkstaden på Skei vil halde fram å vere det store knutepunktet for landbruksmaskiner i tidlegare Sogn og Fjordane.
– Felleskjøpet held fram med å satse i Vestland. Rundt Jølster ligg det fire andre avdelingar innanfor kort avstand. Avdelingane i Sogndal og Sandane har vore gjennom betydelege oppgraderingar siste to åra. I tillegg ligg det konkrete planar for oppgraderingar av avdelingane i Førde og Stryn, seier Gard Olstad.