Grønfôrert er eittårig. Det vert dyrka både konvensjonelle, halvt bladlause og bladlause erter. Konvensjonelle erter har alle blad intakt. Dei halvt bladlause typene har omdanna småblada til slyngtrådar, medan stengelblada er uforandra. Hos dei heilt bladlause typene er òg stengelblada svært redusert.
Erter inneheld tanniner, bitterstoff, som kan gi problem med fordøying og redusere smaken på fôret. Erter med kvite blomar har lågt innhald av tanniner, medan sortar med farga blomar har høgt innhald. Erter krev jord i god hevd, med god tilgang på vatn og pH over 6. Det bør ikkje dyrkast erter på same skifte oftare enn kvart 6. år. I blanding kan dyrkingspausen reduserast til 4 år. Erter må ha god spireråme.
Såmengde
15-20 kg/daa.