28.10.2024 | Svenn Ivar Fure

Snø og vinter er viktig for bonden og Felleskjøpet. Ikkje berre er det mange bønder som har inntekter frå brøyting, snødekket er og viktig for å beskytte plantane og jorda frå elementa og den falske våren. Og forbrukaren søker med kuldegradene og snøen til butikkane våre for å kjøpe snøryddeutstyr, strømidlar og ved. Felleskjøpet sel norsk ved, ikkje importert vare skipa til oss frå Baltikum. Snakk litt om det til dei som handlar andre stadar.

Våren kjem fort på kornbonden. Ein kan bruke vinteren til å spekulere på kva ein skal så, eller ein kan bestille tidleg. Vi vil anbefale det siste. Nokon sortar er det stor etterspurnad etter. Eit døme på dette er Festus (vårkvite kl 3) som raskt vart riven bort da salet starta i haust. Dersom ein ønskjer noko spesielt, så kan det vere ein god ide å legge inn bestillingane no. Ta kontakt med din kontakt i Felleskjøpet no for å sikre deg dei beste tilgjengelege sortane til dei beste prisane. 

Marknadsregulator har advart mot å produsere for mykje bygg. Det vil vi støtte opp under. Sjølv om dei siste sesongane har vore krevjande, vil overproduksjon av bygg kunne koste enno meir, både i form av auka omsetjingsavgift, auka import og redusert matvareberedskap.

image1p3t.png

UTSELD: Den nye vårkveitesorten Festus vart tidleg riven bort da salet starta i haust. Foto: Graminor