Med dei tal og rapportar som ligg føre no, syner prognosa ei samla kornavling på 74 prosent av kornsesongen 2022/2023.
Avlingsestimatet for denne prognosen er svært usikkert, men prognosen blir gitt fordi det er forventa låge kornavlingar. Prognosen vil kunne gi matmjølindustrien grunnlag for å disponere tilgangen av norsk matkorn slik at det blir mogleg å levere stabil kvalitet gjennom den kommande sesongen.
Prognose for areal og arealfordeling
Prognosen føreset at kornarealet i 2022 samla sett er uendra i forhold til i fjor. Fordelinga mellom kornslaga er basert på førebelse data for omsetninga av såkorn og at 30 % av areal kveite og 50 % av areal rug sådd i haust, er omsådd denne våren. Det er ikkje korrigert for hausting av kornareal til fôr. Marknadsregulator har gjort eige estimat for areal åkerbønner
Marknadsreguleringa i kornsektoren har som formål å sikre omsetninga av norsk korn og skape balanse i kornmarknaden i Norge. Felleskjøpet Agri marknadsregulator skal legge til rette for at alt norsk korn kan bli brukt best mogleg i samsvar med kvaliteten på kornet. Sentrale verkemiddel er tiltak mot periodiske overskott og råd til Landbruksdirektoratet om nødvendig supplering av importerte råvarer. Prognosar er grunnlaget for desse tiltaka og råda.
Les heile prognosa her.