Vi heiar ekstra på dei som i fjor vart råka hardt av ekstremvêret Hans og dei krevjande innhaustingsforhalda for korn, potet og grønsaker. Vi veit at det siste året har vore skikkeleg tøft for dykk!
Kornmottaka og transportapparatet i Felleskjøpet er klare for kornhausten. Det er like spennande kvart år. Vêret vil bestemme mykje. Med varmt og tørt vêr vil mykje kome på ein gong. Kapasiteten til å ta imot, kjøle ned, transportere og lagre kornet blir då utfordringa. Dersom det blir ustadig og vått blir kapasiteten til å tørke kornet flaskehalsen. Det kan då bli viktig for den enkelte bonde å lese seg opp på korleis og kor lenge rått korn kan mellomlagrast på gard. Les meir om tørking og lagring av korn her.
I år aukar vi kapasiteten på kornkøyring mot kyst og vil setje i gong båttransport vest- og nordover tidlegare. Ny kjølekapasitet i Stavanger vil gjere det mogeleg å flytte kornet raskare dit, noko som vil frigjere kapasitet på dei sentrale kystanlegga på Austlandet. Målet med dette er å auke mottakskapasiteten og servicegraden vår der det ikkje er nok lokal lagringskapasitet, og dermed å auke kvaliteten på det lagra kornet.
Nye krav til mjøldrøyereinsing av rug gjer at enkelte andre kornhandlerar har vald å ikkje ta i mot denne kornsorten. Felleskjøpet vil fortsetje å ta vare på rugprodusentene, men ber om forståing for ekstrakostnadane for transport og reinsing ved å sende rugen til reinseanlegget i Larvik.
Korn er som pengar, seier du kanskje, og i tillegg kan ein ete det. Det er riktig. Men i mellomtida skal Felleskjøpet betale for det og lagre det. Dette er pengar vi kan låne frå bankane, og betale rente på, eller sørge for går tilbake til bonden gjennom smartare samhandling.
Vi ønskjer det siste meir enn det første. Vi tilbyr derfor konkurransedyktige leigelagringsrater til dei av dykk som kan vente med å få betalt for kornet til over nyttår. Dette er eit tilbod som de finn på websidene våre eller ved å kontakte kornkjøparane våre. Satsane er sette slik at det skal løne seg, både for bonden og for Felleskjøpet. Og for dei som har lagringskapasitet på gard skal det løne seg mest å bruke denne.
Lukke til med innhaustinga. Ta vare på dykk sjølve i ei travel tid!