21.01.2025 | Svenn Ivar Fure

Sjølv om Butikkverksemda viste positiv utvikling, hadde Maskin, Landbruk og Drift og Utvikling mange fleire skader enn året før. Vi granskar kvar fråværsskade og delar læringane internt. Vi skal lære frå skadane som har skjedd og gjere forbetringar som hindrar at det kan skje på nytt. Målet er igjen å kome tilbake til der vi var i 2023 og fortsetje reisa mot å bli eit enno tryggare selskap å jobbe i.

Nokon av læringane vi har gjort oss er relevante for andre, inkludert bonden:

  1. «Skal bare» er ein eigen kategori når vi grupperer skader. Mange av skadane skjer når ein gjer ting i «full fart» eller utan å tenkje seg om. Ta heller ein pause for å tenkje, og dermed gjere ei risikovurdering, for å gjere det trygt og sikkert. Kanskje sluttresultatet blir betre og. Dette er spesielt relevant når det er glatt ute. Strøing og bruk av broddar tek litt tid, men det vinn ein tilbake ved første beinbrot.
  2. Verneutstyr er «rustningen» din og kan vere det som står mellom deg og ei alvorleg skade dersom du har «uflaks». Vernebriller beskytter augene mot splintar og den møkete halen til kyra. Og verneskoa kan gjere at ein unngår å knekke begge tærne når ting dett ned. Men ein kan ikkje bruke det etter at skaden har skjedd. Tidsmaskina er ikkje oppfunnen enno. Hugs det når vedsesongen startar – bruk verneutstyret frå start, då har du det på deg når du er sliten og begynner å bli ukonsentert!
  3. Få andre til å sjå på korleis du gjer ting. Dei ser kanskje farar du ikkje tenkjer over og kan ha tips og råd om korleis ting og kan gjerast meir effektivt. Det å arbeide trygt og effektivt går som regel hand i hand, spesielt dersom ein jobbar åleine. Då bør du og ha med deg mobiltelefon eller sikringsradio slik at du kan tilkalle hjelp om noko skjer.