Den eldste tillitsvalde i Felleskjøpet Agri er utan eigen landbrukseigedom. Ho selde seg ut av samdrifta i 2011. Etter vedtektene kan aktivt deltakande i drifta vere både medlemmar og tillitsvalde, så lenge drifta er knytt til eit medlemskap. Og det er Berge Samdrift BA på garden Myrset, der ho og ektemannen Odd Inge har sikra seg burett. Sidan 2022 har ho representert krets 943 Vanylven på Sunnmøre, gjennomført eigarmøte, slåttegrautar og andre lokale arrangement, kome med kraftige meldingar på årsmøtet og i år fått ståande applaus for ein landbrukspolitisk takk for maten-tale på rim, der ho nemner seg sjølv som ei tannlaus kjærring frå Møre.
Stort engasjement
Underdrivinga er typisk for den engasjerte og kunnskapsrike dama, som trivst på talarstolen og har funne ny inspirasjon i å gjere Felleskjøpet betre, og da spesielt lokalavdelinga på Volda, der ho deltek på avdelingsutvalsmøte. – Vi som tillitsvalde har ansvar for å få til engasjement, seie frå om det som bør rettast på, og også slå eit slag for butikkane våre, både for bønder og forbrukarar. Felleskjøpet må ta vare på kundane med kvalitet og eksperthjelp, meiner Gudveig, som synes det er topp å vere med i landbrukspolitikken igjen.
Frå småbruk til topp ti
Det sta kvinnfolket, som dyrlegen kalla henne, starta som bonde i 1979, fôra opp kalv i eit gamalt fjøs etter svigerforeldra, og søkte om mjølkekvote på 40 000 tonn, da spekalvslakting mot overproduksjon førte til at ho ikkje fekk kjøpt kalv. – Da var eg liten og nøgd med 8 – 10 kyr, seier ho, som da vart tillitsvald i Sunnmøre Meieri og i Småbrukarlaget, kor ho sat i sentralstyret på 80-talet. Der kjempa ho mot Bondevik og Bondelaget, som begge ville ha kjøp og sal av kvoter. For så å kjøpe kvote sjølv og seinare saman med sonen Per Berge, som bygde vidare i same stil saman med broren Stein Rusten Berget, etter at Gudveig selde seg ut som 62-åring.
- Bønder er sjølvstendige næringsdrivande, og ein må sjå kva ein kan få ut av jordbruksavtalen, seier sunnmøringen. Sidan har sønene kjøpt og leigd meir jord i både heimbygda og nabobygda. Med 650 storfe, eit par tusen dekar dyrka mark og store utmarksbeite er samdrifta no mellom dei ti største mottakarane av tilskot i landet.
Kyr, kalvar og Felleskjøpet
– Du snakkar om kalvar, kyr og Felleskjøpet, sa sønene i talen i 75-årsdagen. Gudveig har fått gjennomslag hos dei på tonnvaresida, der samdrifta handlar for millionar på Felleskjøpet. Men mjølkeroboten og traktorparken har ikkje FK-fargar. – No er det dei som driv, og det må dei avgjere sjølv, seier Gudveig, som har funne sin plass på garden som tillitsvald og kokk for drengar og onnefolk, før ho tek kveldsrunden i fjøset for å sjekke at alle der har det bra.
LOKALE TILLITSVALDE: Knut Arne Nordal, Steinar Arne Nordal og Thomas Barstad er tillitsvald i Østa og Volda, medan Gudveig Berge representerer Vanylven, her med felles slåttegraut. Foto: Atle Roset
EIGARMØTE: Gudveig trivst på talarstolen. Foto: Atle Roset
FOR 70 ÅR SIDAN: - Eg ride på Fia, gamlekua på garden. Faren min Brynjulf Strand held i grima. Eg ser litt redd ut, men det var ei ku vi ofte sette oss oppå når ho var ute på beite. Ho vart 17-18 år gamal og fekk leve i fleire år utan å produsere mjølk, fortel Gudveig Berge.