01.07.2024 | Av: Karstein Brøndbo og Erlend Moberget

– No har du fôra i eitt år med finsnittarfôret i fjøset. Korleis har det gått?, spør Melissa.

– Vi låg på alt frå 1 500 til 2 200 rundballar før. Vi brukte fem tonn med rundballeplast. Det er betydeleg arbeid med fôring med rundballar i fjøset. No går fôringa betre, seier Jan Markus.

– Eg var jo her og tok ut ei grovforprøve etter at de hadde slått, og den viste jo at det var veldig godt energinivå i fôret med 0,94 fôreiningar/kg TS. Og det har du kanskje sett igjen på mjølkemengda?

– Ja, det spratt vel opp tre-fire liter i gjennomsnitt med ein gong vi byrja bruke denne her, og kraftfôrandelen gjekk noko ned. Vi har logge veldig høgt med kraftfôr i vinter på grunn av våte og dårlege forhold i fjor. Men det gjekk ned ein del no når vi begynte å bruke denne her.

– Kva kraftfôrtype køyre de på no?

– Formel Favør.

– Og betefôr?

– Ja, mest for å stabilisere magane saman med dette våte grovfôret.

– Det er jo kjekt å ha betefôr slik at ein kan snitte denne fine gode kvaliteten, og så kjøpe litt fiber i form at betefôr. Da er det er eit godt alternativ. Kva ligg mjølkeytelsa no i snitt?

– Sist eg hadde fjøset låg vi på 33 liter mjølk, og da var vi nede på 31 i kraftfôrprosent. Det er litt høgare enn det vi ønsker, men framleis heilt innafor.

– Og ungdyra er også nøgde med fôret?

– Ja, men etter at vi gjekk over til å slå tre slåttar, har vi hatt ein tendens til å få litt for feite kviger, så vi har fôra dei med halm.

– Da får dei ikkje noko kraftfôr i tillegg?

– Nei.

– Det er jo veldig fint snitta?

– Ja. No står jo snittaren på automatisk kutting etter tørrstoffinnhaldet i graset, så her har han sikkert kutta det på eit par og tjue millimeter. Nokon seier kanskje det er vél kort, men det fungerer veldig godt på kyrne våre i alle fall, så det er ingen som er lause i magen lenger.

– Så dei sorterer ikkje fôret heller?

– Nei, vi har blanda alle siloane, og det forsvinn alt.

– Det er ingen som ikkje likar det?

– Nei.

– Det luktar utruleg godt. Har de brukt ensileringsmiddel?

– Vi brukte syre i fjor, men i år har vi brukt ensileringssalt, så får vi sjå korleis det går.

– Det blir nok bra. Vi ser av snittflata at det er tett og godt pakka. Kva utstyr har de brukt for å pakke?

– Vi pakka med to traktorar; ein som jamna og ein med lodd som berre valsa.

– Da legg de plasten heilt ned.

– Ja, han ligg heilt ned på veggane, og så legg vi vakuumduk og to lag med plast oppå.

– Og de har ikkje hatt noko problem med mugg?

– Nei. Det er klart om det blir eit hól, så blir det ei muggrose der, men bortsett frå det har det vore lite, og ikkje noko varmegang heller. Vi gjorde noko dumt med å opne to siloar no i mai når det var så varmt, men vi har greidd å halde det. Og i vinter, når det var under minus 25°C i ein månad, fraus ikkje siloane sjølv om dei var våte. Dei var alltid friske og fine.

– Plansilo er noko meir arbeidskrevjande akkurat når du legg inn, og du må vere meir nøye enn med rundballar, det er jo bombesikkert, men du slepp jo desse rundballane da. Det fungerer hos oss, avsluttar Jan Markus Kvamme, ein av deltakarane i Brenja samdrift DA i Oldedalen og medlem i Alda Onnelag AS.