01.07.2024 |

– No står vi her med ein velutstyrt John Deere 6R155. Kvifor valde de å gå for PTG- systemet?

– Dekka her er jo ganske dyre. Så å køyre rundt med eit bar lufttrykk på jorda, såg eg ikkje heilt poenget med. Då kan ein like godt kjøpe noko billegare dekk.

Så då kjøpte vi dette settet her, og vi har ikkje angra i heile tatt. For no slepp vi oss ned på 0,5 og 0,6 bar på jorda og bles opp til 1,2 bar etter vegen. Og dekka har jo gått i snart 3 000 timar, og det er veldig lite slitasje på dei. Og ein fér og veldig fint åt med marka.

– Ja, og dette er noko de plukka av etter sesongen, eller kan det brukast heile året?

– Vi byter jo til vinterhjul, for traktoren går på brøyting. Så vi tek jo desse her av om hausten og på igjen våren. Slangane heng på traktoren, men alt anna kan ein jo plukke av.

– Vi har ein traktor til med omtrent same dekkdimensjonen, og der er dekka betydeleg mykje meir slitt, sjølv om det har gått omtrent akkurat same timetalet.

– Ein sparar vel ein del kjøreskadar med at ein regulerer lufta og får fram belteeffekten, sjølv på eit stort hjul?

– Ja, her blir veldig stor kontaktflate med bakken, og framkomelegheita har vist seg å bli ganske mykje betre. Du spinn omtrent aldri, og du lausnar ikkje torva omtrent. No slepp eg óg trykket ganske mykje ned når eg køyrer møkk, og det fungerer over all forventning.

– Ein slepp å gå ut og regulere det manuelt, for då blir det fort til at ein skal berre.

– Ein ser jo, og at sjølv om ein har traktor som er både stor og tung, så har vi køyrt i lag med andre som både har mindre traktor og lettare traktor. Mens denne her den synk nesten ikkje, mens dei andre kanskje har spunne litt og litt forskjellig. Så dette her, det flyter godt, det gjer det, seier Jan Markus Kvamme i Alda Onnelag AS.