27.06.2024 | Tekst: Karstein Brøndbo, foto og video: Erlend Moberget

I fjor kjøpte Alda onnelag i Olden ein sjølvgåande John Deere 8300 finsnittar. Kapasiteten til snittaren var enorm, men kapasiteten til riva vart flaskehalsen. No har dei fått tak i ei ny 12,5 meter brei Kverneland-rive med fire rotorar, og i juni la dei 530 dekar finsnitta gras i stakk med plast på toppen på 13 timer.

Ei eldre ni meter brei Kverneland butterfly skiveslåmaskin tek greitt unna for riva, og kapasiteten i innlegginga med ein traktor til jamning og ein til trakking blir no i minste laget når det er kort veg frå jordet og dei køyrer lass med to traktorar, fortel Jan Markus Kvammen, som no vil prioritere tid til godt fôr.

– Vi såg det litt i fjor óg, da vi låg og pressa på 20 kilometer i timen, at det vart litt travelt i siloen. Men dei må no vere litt sjef i siloen, og då må de berre gi beskjed om at no må vi roe ned, vente ein halvtimes tid, så dei får trakka skikkeleg.

Tredoblar kapasitet til pressa

– Det går fint når det er litt avstand til siloane. Men med ein gong vi begynner å nærme oss siloen, då går vi ned på to hengarar. Sjølv da slit dei litt med å halde unna. No brukar vi kortare tid med snitter på alle tre bruka enn vi brukte på eitt bruk med presse før.

Vi har henta ein del der, og vi ser at vi også får ein mykje betre tredjeslått no, sidan graset får meir tid til å vekse enn før.

Vi har ikkje sett oss inn i avlingskarta enno, men planen er å kunne bruke det på kunstgjødselspreiarar og sjå korleis vi skal stelle jorda vår. Men vi har konsentrert oss om ein ting om gangen no. Det blir nok å sette seg inn i.

Eg trur ikkje vi kan sette noko strengare krav til slåttelinja no eigentleg. Der har vi maksa kapasiteten, trur eg, på det meste. Slåmaskina held unna, riva held unna, og snittaren held rikeleg unna. Så dei i siloen trakkar godt og gjer ein bra jobb. Om eg pushar noko meir no, går det utover fôrkvaliteten på ein av plassane.

Den største fordelen vi ser med større rive er at vi slepp å køyre i 15-20 km/t. No ligg vi i frå 8 til 15 i staden for. Det er mykje meir behageleg for både han som sit i snittaren og for han som køyrer hengaren, seier Jan Markus Kvamme.