I sør er tala meir enn 30% høgare enn i 2021, mens i nord har kulde og regn redusert og utsett avlingane. Det er krevande å spå om kornhausten før avlinga er i hus, og i år vart prognosene i sør kraftig oppjusterte etter eit par veker med tresking. Det som såg lovande ut, viste seg å bli eit kanonår for korn i sør. I desse tidene er det både viktig og gledeleg!
Det er krevande å spå om kornhausten før avlinga er i hus, og i år vart prognosene i sør kraftig oppjusterte etter eit par veker med tresking. Det som såg lovande ut, viste seg å bli eit kanonår for korn i sør. I desse tidene er det både viktig og gledeleg!
Med kontinuerleg godt innhaustingsver vart mottakssystemet brått fullt. Flaskehalsen var den delen av systemet som omfattar flytting av korn til Stavanger Hamnesilo for mellomlagring. Den manglande lagringskapasiteten på Austlandet gjorde at vi nok ein gang måtte bremse mottaket i skuronna. Våre dyktige og hardtarbeidande tilsette innan korn og transport løyste dette med å setje inn ekstra kapasitet, prioritere matkornet og lagre delar av fôrkornet ute. Det utelagra fôrkornet kom fort under tak, men det visar kva tiltak vi måtte ta i bruk for å handtere dei store mengdene, samt kvifor vi ønskjer meir lagringskapasitet der kornet blir dyrka. Det vil gjere oss i stand til å ta i mot meir korn kjappare og å unngå verdi- og miljøøydeleggande transport og mellomlagring.
Bruken av leigelagringsordninga har vore rekordhøg. I år som dette, der kornhausten er god og kornet har fått høgare målpris, er dette viktig for at vi skal kunne finansiere kornkjøpa våre. Justert for høgare avlingsnivå kom om lag 40.000 tonn meir korn inn under leigelagringsordninga i år enn i fjor. Sjølv om nokon som kunne lagra kornet sjølve i staden har levert i skuronna, visar storleiken på tala kor mykje dette har redusert lånebehovet vårt. Den auka bruken av leigelagringa sørga for at vi heller kunne la bonden få del i denne verdiskapinga. Det er bra for Felleskjøpet og bra for bonden!
I dette nummeret av Samvirke vil vi oppsummere kornhausten og introdusere lesarane til ein svært viktig diskusjon i landbruket, nemleg den om moderne genredigering (CRISPR). Dette er noko landbruket sine organisasjonar skal gje sine innspel om i haust og vinter, og som skal vurderast både i Norge og EU.